
Vossasylv produserar bunadsølv til mange ulike bunader og drakter.
Me er 4 gullsmedar, derav 2 meistrar. Alle delar til bunadsølvet vert
laga i eigne produksjonslokale. Noko vert stansa ut og noko støypt. Det
er svært mange ulike komponentar som ver sett saman til ulike søljer
for heile landet. Etter lodding og overflatebehandling, gjenstår
montering og klargjering for utsending til kunde.

Vossasylv Jakob Rongve AS er ei familiebedrift som driv med produksjon av bunadsølv. Firmaet vart starta som personleg selskap i 1976, og vart seinare familieeigd aksjeselskap i 1988.
Dei fyrste 20 åra husa kjellaren heime i bustadhuset verkstaden, men i 1997 vart verksemda flytta til noverande lokale i Brynaskogen, Voss.
Arbeidsstokken har auka etter kvart, og tel no 6 tilsette. I tillegg er det 4 som jobbar heimefrå.