
Det beste er å oppbevare sølvet i ein syrefri plastpose. Pass på at posen er tett slik at det ikkje kjem luft til, men bruk ikkje gummistrikk rundt då den inneheld svovel som gjer at sølvet oksiderar.
Det fins ulike sølvrens å få kjøpt, men dette er ikkje å anbefale på bunadsølv. Dei er ofte sterke, og kan ta vekk forgylling og glans. Det enklaste er å vaske sølvet i lunka vatn, tilsett nokre dråpar Zalo og ei teskjei salmiakk pr liter vatn. La sølvet ligge nokre minutt, bruk gjerne ein mjuk tannbørste og børst lett over. Skyll godt med varmt vatn. Tørk med ein mjuk klut, og blås event tørrt med ein fønar.
Etter nokre år kan det vere nødvendig med ein grundigare rens. Ta då kontakt med din lokale gullsmed som vil hjelpe deg, og sølvet vert like fint som nytt igjen.
Knappar og anna som er sydd fast til bunaden, pusser du enklast med ein spesialklut som er å få kjøpt hjå gullsmeden. Bruk eit stykke papp som du stikk under knappen for å beskytte bunaden.